Fjelltur

Trolltunga

Ved den vestlege avslutninga av Hardangervidda finn du Trolltunga, den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Trolltunga er eit lite steinplatå som stikk ut frå berget 700 meter over Ringedalsvatnet. Turen opp går for det meste i høgfjellsterreng og er lang og krevjande. Men du får løn for strevet– der oppe ventar eit praktfullt utsyn.

Stien til Trolltunga (1180 moh.) er godt merka. Frå hovudstartpunktet på P2 i Skjeggedal er turen fram og tilbake på 28 kilometer. Høgdeskilnaden er 800 meter. Normalt er ein tilbake etter 8–12 timar. Ein kan også starte på P3 Mågelitopp. Frå P3 Mågelitopp er turen fram og tilbake på 20 kilometer. Høgdeskilnaden er 320 meter og normalt er ein tilbake etter 7–10 timar.

informasjon
Sesong: Sommer
Egnet for: Alle
Avstand: 50 min kjøretur
Adkomst: Bil eller rutebuss
Tidsforbruk: 7 - 12 timer
Turen til Trolltungen går på merket fjellsti og er egnet for de aller fleste, husk å ta med egnede sko og turutstyr hvis du ønsker å begi deg ut på denne turen.